English   Deutsch   Françai
  Søk

Historie
Kart og avstand
Fasilitetar
Spisesalen

Historie

Hofslund Hotell vart bygd i 1912 av Peder J. Næss På Hofslund hadde det frå gamalt av vore både gjestgjevarstad og handel.På Hofslund var det i tillegg skysstasjon for reisande som skulle innover mot Solvorn og Hafslo.

Peder J. Næss var frå Romsdalen, og saman med kona Anna hadde han bygd Halsa Hotell i øvre Romsdal. I 1908 kjøpte dei den gamle gjestgivargarden på Hofslund i Sogndal og flytta dit. På Hofslund bygde Næss i 1912 det gamle gjestgiveriet og tingstova inn i eit nytt hotell som fekk fasadar i sveitsarstil. Hotellet hadde i starten 34 senger.

Peder J. Næss vart ein samferdselspionær i Indre Sogn. I 1916 fekk han skipa Indre Sogn Automobilselskap som vart forløparen til Sogn Billag. Bilselskapet dreiv ruter mellom Sogndal og bygdene i Luster og Jostedalen. Han var også initiativtakar og medeigar i Jostedalen Turisthotell som vart bygd i 1920. Ein kort periode eigde og dreiv ekteparet Peder og Anna Næss også Tørvis Hotell i Marifjøra der Anna kom frå.

I tillegg til interessene for reiseliv og samferdsle fekk Peder J. Næss starta Sogndal Cementindustri ved eit sandtak ved den gamle prestegarden i Sogndal.

Frå 1926 dreiv døtrene til Næss, Rannveig, Guro og Anna, hotellet fra til 1936, då Melchior Sviggum, gift med Rannveig Næss, kjøpte hotellet. I 1962 vart hotellet utvida, og med seinare utvidingar har hotellet no 98 senger.

I 1982 overtok sonen til Rannveig og Melchior Sviggum, Tore Sviggum, Hofslund Hotel som dreiv hotellet saman med kona Aud.

Frå 2002 er det no brordotter til Tore Sviggum, Mona Sviggum, som har overteke Hofslund Hotel og som driv hotellet saman med ektefellen Leif Gunnar Johnsrud.



Kontakt oss

Hofslund Fjord Hotel
P.b. 170, 6851 Sogndal
Telefon:  57 62 76 00
Telefaks:  57 62 76 01
h-hotel@online.no