Berekraft

Frå 2021 til 2023 hadde Hofslund Fjord Hotel eit prosjekt med midlar frå Innovasjon Norge med konkrete tiltak for å betre miljøavtrykket til hotellet. 

Vi jobbar aktivt for å:

  • redusere energiforbruket

  • produsere mindre avfall

  • resirkulere og gjenbruke

  • redusere forbruk av vatn og forureining. 

På Hofslund Fjord Hotel samarbeider vi med lokale matprodusenter så langt det let seg gjere. Vi har stort fokus på tradisjonar og tradisjonsmat. Hotellet har blant anna lokal mat og drikke som øl, leskedrikk og sprudlande alternativ.

På hotellet kan du også leige elsyklar for å komme deg rundt i nærmiljøet på ein effektiv og miljøvennleg måte.

Miljøprisen i 1997

Hofslund Ford Hotel har alltid vore opptekne av berekraft.

Vi var dei første i Indre Sogn til å bruke fjordvarme for å varme opp bygninga, symjebassenget i hagen og varmtvatn til heile hotellet.

Hofslund Fjord Hotel fekk miljøprisen i 1997 for godt kulturminnevern, miljøvennleg drift og godt sosialt miljø.  

Eigenprodusert straum

I 2023 installerte vi solcelleanlegg på taket til hotellet.

Mykje av straumforbruket vårt blir produsert av dette solcelleanlegget.

Elbil-ladarar

Hotellet har elbil-ladarar, så gjester kan lade bilen med lokalprodusert kraft.

Oppgraderingar på bygget

Dei seinare åra har vi bytt til nye energieffektive vindauge og etterisolert store deler av bygningsmassen, samt installert varmepumpe som gir lågare energiforbruk ved oppvarming av hotellet.