Historie

Hofslund Fjord Hotel vart bygd i 1912 av Peder J. Næss. På Hofslund hadde det frå gamalt av vore både gjestgjevarstad og handel. På Hofslund var det i tillegg skysstasjon for reisande som skulle innover mot Solvorn og Hafslo.

Peder J. Næss var frå Nes Gard i Luster. Han var gift med Anna Tørvi frå Indre Hafslo. Peder og Anna flytta til Romsdalen og bygde Halsa Hotell i Øvre Romsdal. Under signingsferda til Kong Håkon i 1905 var dei vertskap då Kong Håkon og hans fylgje hadde lunch på Halsa Hotell.

Dei flytta deretter tilbake til Sogndal og kjøpte der først Øvre Stedje Gard og deretter i 1908 den gamle gjestgivargarden på Hofslund. På Hofslund bygde Næss det gamle gjestgiveriet og tingstova inn i eit nytt hotell som fekk fasadar i sveitserstil. Hotellet var ferdigstilt i 1912 og hadde i starten 34 senger.

Peder J. Næss vart ein samferdselspionær i Indre Sogn. I 1916 fekk han skipa Indre Sogn Automobilselskap som vart forløparen til Sogn Billag. Bilselskapet dreiv ruter mellom Sogndal og bygdene i Luster og Jostedalen. Han var også initiativtakar og medeigar i Jostedalen Turisthotell som vart bygd i 1920. Ein kort periode eigde og dreiv ekteparet Peder og Anna Næss også Tørvis Hotell i Marifjøra der Anna kom frå.

I tillegg til interessene for reiseliv og samferdsle, fekk Peder J. Næss starta Sogndal Cementindustri ved eit sandtak ved den gamle prestegarden i Sogndal.

Frå 1926 dreiv døtrene til Næss, Rannveig, Guro og Anna, hotellet fram til 1936, då Melchior Sviggum, gift med Rannveig Næss, kjøpte hotellet. I 1962 vart hotellet utvida, og med seinare utvidingar har hotellet no 100 senger.

I 1982 overtok sonen til Rannveig og Melchior Sviggum, Tore Sviggum, Hofslund Fjord Hotel som dreiv hotellet saman med kona Aud Olsen Sviggum fram til 2002.

Frå 2002 er det no brordotter til Tore Sviggum, Mona Sviggum, som har overteke Hofslund Fjord Hotel og som driv hotellet saman med ektefellen Leif Gunnar Johnsrud.