Eit tradisjonsrikt hotell ved Sognefjorden
Book overnatting
Velkomen til Hofslund Fjord Hotel
Eit tradisjonsrikt hotell ved Sognefjorden, i hjartet av Sogndal.
Hofslund Fjord Hotel ligg i sentrum av Sogndal og er eit familiedrive hotell frå 1912. Det er no fjerde og femte generasjon vertskap som ønskjer deg velkommen.
Dette seier gjestene våre
9,2 / 10 på Hotels.com
8,3 / 10 på Booking.com
Gjestene våre trekkjer særleg fram den flotte plasseringa ved fjorden, utsikta, frukosten og den hyggelege atmosfæren.
«Eit sjarmerande hotell rett ved fjorden. Utsikta frå rommet vårt var nydeleg.»
– Gjest på Hotels.com, juli 2026
«Svært komfortabelt og koseleg hotell med flott beliggenheit. Utmerkt frukost!»
– Gjest på Booking.com
«Vakker beliggenheit, bra rom og moglegheit for å lade bilen.»
– Gjest på Hotels.com, juni 2026
«Eit utruleg koseleg, gammalt fjordhotell med alltid hyggeleg personale.»
– Gjest på Hotels.com, juni 2026
Finn roen med fjordutsikt
Våre hotellrom har ulike stilartar og design. Dei fleste har fjordutsikt og eigen balkong.
Vel mellom suiter, superior-, dobbelt- eller familierom.
Sentralt i Sogndal med gode fasilitetar
Bu i sentrum av Sogndal, med fjordutsikt, utendørs oppvarma symjebasseng, eiga brygge og tilgang på robåtar.
Sjå det beste av Fjord-Noreg
Sogndal ligg ved verdas lengste og djupaste fjord - Sognefjorden. I nærområdet kring hotellet finn du eit eldorado av aktivitetar og attraksjonar.